Viser innlegg med etiketten Huitain. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Huitain. Vis alle innlegg

Blåklokka

Ei blåklokke i vinden vaiande
er vill. Så ho er andre ville lik.
Så ho er kanskje veldig støyande.
Ho er pålitelig på villskap rik
lik alle andre som er laga slik.
Og som forbanna vill er blåklokka
den ting å måtte òg. Ho kanskje skrik.
Kan hende er ho faktisk utsjokka.

Bodskapen

I verda vil Vårherre først av alt
si makt ved Sonen syne – Kristus det.
Og alt i verda som til jord har falt
aktiviserer Sonen – som vil gje
alt veret eining ved å vere fred.
Så alt og alle vert i Sonen sett,
som utfall og som endelykt å ste.
I Sonens liv vil allting verte rett.

Det er litt rart

Det er litt rart at det ein får på bord,
det trivst ein med og tenker ein er greitt,
mens det, forskjellig, som er falt til jord,
det tenker ein at tapt har fått det leit.
Eg tenker det er slik fordi ein veit
kva det ein får på bordet faktisk er.
Mens det som har til jorda falt gjer sveit.
Ein vil ikkje sjølv vere arbitrær.

Diktet

Særs fæl er gifta som frå slangen dryp.
Så slangen er heilt trygg – ved kva den ber.
I tornebusken koser ikkje kryp
seg likevel. Nei, langt i frå dei gjer.
Om krattet enn er kor dei gjerne fer.
Men slangen tør ikkje til rosa gå.
Så. Dikta som eg fattar alle ver
som roser, prektige med tornar på!

Du må ikkje til Grekenland

Du må ikkje til Grekenland! Men få
ei vakker kvinne, drøymen hjå ein mann,
i diktet evig attestert å sjå!
Sjå Solmøy! Ho som gjer ein nordmann sann
ved samvitet å vere. Solmøy kan
vel, frisk og freidig, snill og rar, deg gje
ei kjensle av å brenne – stå i brann!
Ho er vår flamme, Solmøy. Ho er det!

Du slette tid

Det gjer seg godt med det som ikkje er.
Og er ein, kan ein òg – du slette tid –
det vere, vere heile verda kjær.
Ein inkjevetta er kva det vil si
å vere det – å spille eufori.
Det gjer seg godt. Men det vil ikkje gå.
Det vil slett ikkje gå å vere fri
frå utgangspunkt, frå det å kome på.

Hoggormen

Den er nok kynisk, hoggormen.
Som kryp så er den ikkje nådig gjort.
Det ser vi, redde sat i stormen,
at hjelpeløyse vert til skepsis, fort.
Men hoggorm er ikkje umyndiggjort.
Den hatar ikkje, slik som Satan gjer.
For ikkje livsfarlig kjem den til kort.
For den av Gud er gjeve karakter.

Ille då

Ved julegåvekjærleik spottast eg.
Ein takksam må eg vere, nåde fått –
eg gjerast liten som må krympe meg
og tenke meg forteneste av hått
eg har og slik vilkårlig gjere mått.
Eg hatar det. Slik kjærleik gjer meg vill!
Eg har vel, eg, i smerta ofte stått
med nådig takk. Då er eg ikkje snill!

Kjærleik

Det er så lett å vise kjærleik slik
som julenissen viser kjærleik, ved
å vere nådig og å vere rik.
Det unnast ikkje då å vere med.
Og nokon vil ved kjærleik støyte ned.
Den kjærleik Gud vil ha forskjellig er.
Vår Herre gav sitt liv og dermed fred.
Og så å gjere er å vere kjær.

Kjærleiken

Det smerter ikkje å få svar når ein
sin kjærleik synar; når ein synar mot.
Men fekk ein svar så vart den ikkje rein,
eins kjærleik, då ein ting som står på fot.
Om ein får svar har kjærleiken slått rot.
Kan hende er den reinare av bryst
aleine, når den er aleine skjot
av mynde, ikkje av natur ein lyst.

Om morgonen

Det går ei lita strime ljos til meg
frå sola, her eg sitt. Og til ein kvar
er den, og eg erkjenner at som seg
vil alle saman stå, vil snill og rar
og sur og keisam verte openbar.
I dag, om sanning og om rettferd rår.
Og det gjer Kristus, ævelige Far.
Eg takkar Gud for høvet som eg får.

Sankt Hans kvelden

Eg meiner der i juninatta går
ei frykt for kornet vårt sitt ve og vel,
det kornet som i juninatta står
i stødig burd, men ikkje trygt som fjell.
Eg meiner denne frykt er rasjonell.
Eg meiner Gud vil temje frykta vår
ved lukt som oppstår, herlig duft av hell.
På julekvelden er det smaken rår.
På Sankt Hans kvelden har vi det på stell.

Som omskore på hjartet

Om du har omskore ditt hjarte er
der ingen grunn til frykt for ubevisst
tendens. For inkje av kva du er kjær
i er av ynske skjult og mørkt og trist.
Då er ikkje ditt hjarte sterkt i tvist
med sinnet ditt om verknaden du har.
Då er dei makt og mynde og til sist
vil Kristus fri din sjel som snill og rar.

Til forføraren

Pris barnets særmerkte idérikdom!
Pris førestellingsevne og pris kløkt!
Pris tankeflog til den som er så from!
Og den som sørger for at håp vert døkt,
og den som sørger for at tru vert sløkt;
den betre var med kvernstein rundt sin hals
på mange tusen meters havdjup søkkt!
Sa Gud. Til den som tenker seg til fals.

Ver ikkje slik

Om du vil gjere ingen ting, så ver
heilt sikker på at nokon plagast ved
at inkje gjerast. Særskild den som er
til gjenstand gjort for likesæle, det.
Ein frosk vil berre avmaktskjensle gje.
Om du vil gjere ingen ting ein frosk
er gjerne kva du er. Og ein suksess
er ikkje det å vere slik ein tosk.