Om meg og mitt

Denne sida er skapt i namn av Vaksinius™, som er Anders Woje Ellingsen frå Trondheim. Denne sida er innhold på verket Trixnix, kva som er meint å vere det Nye Jerusalem, skapt på internett. Om du har kome til denne sida uten å passere muren i Trixnix, ver snill og gå til portalen og søk kunnskap. Trixnix vil ikkje være imøtekommande om du ikkje har passert muren med eit smil om munnen.

Trixnix

Eg er Noreg sin Sønn. Eg tenkjer meg å vere prest, ikkje av yrke, men ved kjærleiken til Gud. Jeg er ikkje utdanna til å verte prest, og eg jobber ikkje som prest, men prest er kva eg meiner eg faktisk er. Eg klargjør verda for Kristus og eg gjev visdom. Mine presentasjonar på internett er mange.

Eg er aleine. Eg er støtt ut av ein kvar gjeng og eg har ingen tilhøyrsle. Min tryggleik kjem frå den visdom eg er gjeve og frå virket til våre fedre, nedfelt i Bibelen, og i kulturen.

Dei vil ha det til at eg er sinnssyk. At eg så er kan ein likevel stille spørsmål ved.

Eg elsker å skrive også på engelsk. Kva eg har laga på internett er nesten like mykje engelsk som norsk. Ein ting er at engelskspråklige er meir idealistisk orienterte der skandinaver typisk er materialistisk orienterte. Så eg lærer mykje av å skrive engelsk, og eg hever meg frå sorgen ved så å gjere. En annan ting er at engelsk kjem til å verte meir vanleg i åra som kjem. Verda kjem til å verte eina på engelsk, og eg vil at skaperverket mitt skal vere tilgjengeleg for alle.

Eg nyttar Google Nettsteder og Blogger når eg presenterer verket mitt, og eg har satt opp ein mengde sider. På sida eg kaller min portal er ein oversikt gjeve. Ver velkomen til å ta ein titt!

TRU

Eg er kristen.

For vintreets greiner er der to, eller tre, krav å oppfylle. Om greinene ikkje oppfyller disse krava vil dei bli saga av og kasta på elden.

For det første må greina vere ansvarleg. Den må vere tilgjengeleg for stammen. Ein må elske Gud av hele sitt hjarte, av all sin forstand og med all sin kraft. Ein må alltid vere open for sevja i stammen. Ein må vere rein.

For det andre må greina vere påliteleg. Den må verke som bærer av stammen. Ein må elske sin neste som seg sjølv. Ein må gje frukt. Ein må vere pen.

Ei grein må vere rein for å være pen. Det er umogleg for ei grein som ikkje er open for stammen å gje god frukt.

Eit godt tre skiljast frå eit dårleg tre på frukta. Eit godt tre vil gje frukt som er fin føde, som gir god smak, og som har frø i seg. Et dårleg tre, til forskjell, vil kjennast ved om ein toler frukta. Eit dårleg tre sett seg sjølv framfor den som et av frukta.

Jesus Kristus, Sonen, er det sanne vintre og sanne kristne er greinene på treet. Faderen er mannen som dyrkar vingarden. Som greinene på treet skal vi vere tru og vi skal vise tru. Vi vert gjort rettferdige ved tru, og ved tru aleine. Eit tredje krav til greinene kan merkast, og det er at vi skal ha tru. Vi må tole å verte skore ned. Vi må tole tukt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for din kommentar! ♫♥♪ 
Den er vel snill og rar. ♫♥♪ 
Og skriv du namnet ditt ♫♥♪ 
så er alt sikkert kvitt. ♫♥♪