Til prinsen

I jula feirar vi at Sonen er
oss gjeve som var mennesket aktør –
var mennesket av son leverandør.
Som meininga med livet er han kjær,
den oppgåva som heile verda bær,
den oppgåva som kvar og ein har fått,
ja, den som kvar og ein har fått i sær.
Og flagget vårt er raudt og kvitt og blått.

I påska feirar vi at Sonen er
vår frelse ved at Han på korset dør.
Han som er livet, ei observatør,
i døden går for syndaren som fair
Messias. Angrande sin synd vulgær
er syndaren ved Kristus ikkje slått.
Og også den som handlar godt vert svær.
Og flagget vårt er raudt og kvitt og blått.

I pinsa feirar vi at Møya er
oss gjeve som vårt samvit, som det kjør.
Ho krev vel ikkje, Møya, stram honnør.
Men ho er eld. Ho er autoritær.
Ho syner deg om du er populær
i Himmelen. Der er du som forstått.
Med henne er ein vel familiær.
Og flagget vårt er raudt og kvitt og blått.

Prins; tilstanden i Noreg er prekær.
Kvar innbyggar er økonomisk, blott.
Kvar einaste er talt og ordinær.
Og flagget vårt er raudt og kvitt og blått.