Ånda

Som hjarte, kropp og blod vi peiling har.
Som Fader, Son og Ånd vil Herren gje
ein smakebit på sitt repertoar.
Som hjarte vil Vårherre verda gle.
Som lekamar i kvitt og raudt er det,
ved blodet, to slags ånd å vere i.
Og sonen er aleine ein idé.
Sånn er det berre. Eitt av to er vi.

Som himmel, jord og kvelv vi peiling har.
Som Fader, Son og Ånd vil Herren gje
til syne at Han skapar eksemplar.
Og sjå kor alltid det er ein suksess!
For ljos og vatn dett frå kvelvet ned
for livet her på denne jord å fri.
Og sonen er aleine ein idé.
Sånn er det berre. Eitt av to er vi.

Som sæd og haust og vekst vi peiling har.
Som Fader, Son og Ånd vil Herren gje
til kritikar sitt endelige svar.
For sjå kor den er dobbel, mål og med!
Som brød og såkorn avkommet vil le,
vil avkom vere Herrens strategi!
Og sonen er aleine ein idé.
Sånn er det berre. Eitt av to er vi.

Prins; son og dotter båe vil gje fred.
For båe er av Herren. Verkelig.
Og sonen er aleine ein idé.
Sånn er det berre. Eitt av to er vi.