Ikkje lett forsvart

På himmelkvelvet finn vi allslags ljos.
Og stjernene er mangfaldet. Ved dei
å vere av vert du som ein virtuos.
Om ikkje du til det vil takke nei.
For stjerna syner håp til kar og kjei.
Og det at Herren syner håp er rart.
Ein vil ikkje at Gud skal verte lei.
Å vere så er ikkje lett forsvart.

På himmelkvelvet finn vi allslags ljos.
Og månen sett deg òg på ein galei
som kanskje ikkje er så veldig kos.
Du burde kanskje til den takke nei.
For månen syner tru til kar og kjei.
Og det at Herren syner tru er rart.
Han kunne ordna verda i ein fei.
Å vere så er ikkje lett forsvart.

På himmelkvelvet finn vi allslags ljos.
Og sola ved er ein som på ein svei.
Ved sola får ein berre ris og ros.
For sola syner kjærleik snill og grei.
Av kjærleiken kan ingen verte kei.
Og det at Herren syner den er klart
når tru og håp på oss vi godtar ei.
Å vere så er ikkje lett forsvart.

Prins; nattas veg er så utrulig brei!
Å vere litt på vakt mot den er smart.
Aleine tru og håp gjer galen. Hei!
Å vere så er ikkje lett forsvart.