Dei to

Guds Ånd er gjeve ved to vis å sjå.
Guds Son og Dotter er dei visa to.
Som ljos og vatn himmelkvelvet frå
dei verkar saman og gjev fred og ro.
Dei båe sørgjer for at ein får gro.
For ljoset frir ved emnet friskt å gle.
Og vatnet frir når emnet lar seg kro.
Det underlig er korleis Gud vil gje.

Som kjærleik vil Vår Herre freidig rå.
For ljoset verkar som frå hjartet blod.
Og dag og natt er til å lite på.
Som vekst er dag. Og natt er status quo.
Og tre slags ljos gjev fjære og gjev flo.
For tru og håp og kjærleik er då tre.
Og to. Fordi Han smilte, Herren lo.
Det underlig er korleis Gud vil gje.

Som samvit vil Vår Herre vennlig nå
som nerven i frå hjartet kroppens to.
Slik verkar vatnet, det som regn får gå.
Og tore kan Vår Herre, veit vi jo.
Og her på jorda finn vi to depot.
Og hav og innsjø saman er idé.
Slik verkar regnet, det som Gud lar få.
Det underlig er korleis Gud vil gje.

Prins, sjå! Dei verkar både han og ho!
Eg trur eg seier det med ein spondé:
Herlig er Gud! Og kostelig! Hallo!
Det underlig er korleis Gud vil gje.