Dei tre

Som vekstar som har frø Gud skapte tre.
Gud skapte korn og urt og frukttre. Let
dei tre som kjensler vere, renommé
i det dei viser jovialitet
om enn naturlig produktivitet.
Som snill og grei og god å vere er
den gjeve, Herrens femininitet.
Og berre ein av tre er Herren kjær.

Som kryp og buskap og som ville kre
Gud skapte emnets rasjonalitet.
På måtar tre har emnet ein idé
om kva det er som er autoritet –
og vil det vere ein kapasitet.
Nødvendig, nyttig, skjønn er ein prekær
forklarande Guds maskulinitet.
Og berre ein av tre er Herren kjær.

Som tru og håp og kjærleik – tre er det –
Gud skapte måne, stjerner, sol. Konkret
er ånda slik – den kvelvet fekk å gje.
Og nattas ljos er Guds lojalitet.
Og dagens ljos er generøsitet.
Og jorda gjeve ljos er sekulær.
Men ljosa tre gjev skapt vitalitet.
Og berre ein av tre er Herren kjær.

Prins; eg er nok ein vismann – ein profet.
Men denne visdommen er ordinær.
Dei vitskapar er kognitivitet.
Og berre ein av tre er Herren kjær.