Styggedomen

Ved prevensjon vel hindrast Gud i frå
å virke sånn som Herren virke skal.
Når fanget ikkje avlar vil Gud så
i vanlykke – i eit mistrøstig dall.
Vårherre sår sin sæd i kvart eit fall.
Så skamløyse gjer ikkje Herren glad.
Og p-pillar er ikkje godt til knall.
Det er ein styggedom på heilag stad.

Ved uret òg vel hindrast Gud i frå
å virke sånn som Herren virke skal.
For uret rår. Det hindrar Herren då
det ikkje er ei klokke men er tall.
Det gjev ikkje, som klokka gjev, eit kall.
Det regulerer alt. I høgste grad
er liv av uret bare intervall.
Det er ein styggedom på heilag stad.

Den teori som hindrar Gud i frå
å virke sånn som Herren virke skal,
psykiatri, er gjeve, no, å rå.
Den sett et menneske som i ein stall –
i stall natur i vald, kultur i vald,
så kreativ som rekke er av rad.
Psykiatri gjer stall av verdas hall!
Det er ein styggedom på heilag stad.

Prins, dette diktet vart nett som ein pall.
Og det var meininga med dette kvad.
Så vert det heile ikkje berre ball.
Det er ein styggedom på heilag stad.