Ved skiljet

Når geitene og sauene vert skilt
i frå kvarandre, Herren ved, er eitt
kriterium kva Gud skil heilt, heilt vilt
frå artig ved. Og det er berre leit
å ikkje vere ein som faktisk veit
å te seg, då. Men den med hjarte som
er omskore, som ikkje er som geit,
går trygt og godt i gjennom Herrens dom.