Om Gud tok slavar

Den sjela som er eid av Herren stor,
du veit, ditt hjarte, laga for å rå,
du veit, der alle dine drifter bor:
Om Gud tok slavar var den også grå.
Då var du aldri sort og kvit. Og då
var sjela grå – som slavens er for den
som eiger slaven. Og Gud let deg få
igjen ved påskjønningar og ved skjenn.