Hjartet mitt

Ein gong var hjarte i konflikt med sinn
i meg, og ille var eg såleis stedt.
Eg var av hjartet ekkel men la vinn
på sømmelig å opptre ved mitt vett.
Å vere skikkelig var ikkje lett.
Og sjølvsagt lyktast ikkje eg med det.
Ein feilar, er ein ikkje laga rett.
Men no vil hjartedrivet berre gle!